EN / NO
×

October 7, 2021 — October 31, 2021

Vestlandsutstillingen 2021

Exhibition

Kunsthall Stavanger er sammen med seks andre visningssteder vertskap for årets Vestlandsutstilling.

Tekst fra Vestlandsutstillingens kurator i 2021, Heidi Bjørgan:

«Viss du skal lage ein langfilm, er alt du treng 70 idear,» hevdar den amerikanske filmregissøren, kunstnaren og skodespelaren David Keith Lynch (f. 1946). Han er mest kjend for filmar som Eraserhead (1977), The Elephant Man (1980), Blue Velvet (1986) og Mulholland Drive (2001), samt fjernsynsserien Twin Peaks. Å måle seg meg Lynch er det ingen som kan, men eg finn det likevel interessant å trekke parallellar mellom det visuelle filmspråket hans og tilnærminga han har til det å lage, film og mine eigne prosjekt som kurator – i dette høvet som kurator for Vestlandsutstillingen (VU) 2021.

Det er fri innsending til VU, og som kurator fekk eg ikkje berre 70 tilsendte idear å ta stilling til, men nærare 1000. Til VU 2021 kom det nemleg inn 311 søknader, som til saman inneheldt bortimot 1000 verk eller prosjekt. I prosessen med å velje ut, har eg vore oppteken av å finne fram til verk som kan setjast i scene slik at utstillinga får ei underfundig og sær stemning lik den vi finn i ein Lynch-film. Stemningar knytt til merkelege og draumeaktige scenar, eller sensuelle og forførande. Tvitydige stemningar der venleik og uhygge går hand i hand. Under ei perfekt overflate lurer gjerne død og elende, samstundes som noko rørande og vakkert kan gøyme seg i noko som ser forderva og øydelagt ut.

Eg har laga ei liste med stikkord som besøkande på VU 2021 kan ha med seg i møtet med kunstverka:

disiplin, endring, fiksjon, forsking, fortaping, grotesk, handverk, historie, kjenslevar, kontroll, kropp, materialitet, meditativ, minne, natur, nitid, nøysemd, perfeksjon, presisjon, rørsle, sakn, sanseleg, sensuelt, skjørt, sorg, tid, taktilitet, tolmod, tilbakeblikk, uperfekt, undermedvit...

Desse stikkorda opnar for mange ulike assosiasjonar, stemningar og forteljingar. VU 2021 gjev ingen fasitsvar, men kan lesast som ei open forteljing sett saman av mange parallelle forteljingar. 16 kunstnarar med til saman 31 verk er med. Kvart av desse verka er unikt og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plassert i ei utstilling saman med andre verk blir meininga forsterka eller endra. Dette spelar eg medvite på i måten utstillinga blir utforma på. Eg ønskjer at verka skal bidra til at nye historier blir skapt gjennom korleis dei blir monterte. Ingen av dei 6 visningsstadene som VU 2021 skal til er like, og difor vil nye historier oppstå frå stad til stad. Ikkje minst fordi kvar einskild utstillingsgjest også er ein aktiv medskapar.

Bergen 1. desember, 2020


Kunstnere som viser verk under årets Vestlandsutstilling: Kristina Aas/Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther.


Om kurator:

Heidi Bjørgan (f.1970) har MA i keramisk kunst, samt Skapende kuratorpraksis frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har bidrege til ei fornying av diskursen knytt til kunsthandverk i norsk samanheng, både gjennom sitt arbeid som kunstnar, og gjennom si verksemd som kurator. Ho var med på å starte galleri/prosjektrommet Temp i Skottegaten i Bergen (2000-2002). Bjørgan har blant anna vore kurator for utstillingar ved Rogaland Kunstsenter, Galleri F15, Hordaland kunstsenter og Galleri Format. For KODE har ho kuratert den internasjonale utstillinga Thing Tang Trash og Signert Inger Waage. Heidi Bjørgan var også medkurator for den store mønstringa av Norsk og kinesisk kunsthandverk Beyond g(l)aze som vart vist både på Suzhou Jinji Lake Art Museum i Kina og på KODE. Ho var også medkurator for utstillinga KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff på KODE (2019).

October 7, 2021 —

October 31, 2021

Loading...

Back to Top