EN / NO
×

20 juni, 2020 — 26 juli, 2020

Vestlandsutstillingen 2020

Utstilling

Kunsthall Stavanger er sammen med seks andre visningssteder vertskap for årets Vestlandsutstilling.

Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det «typisk» norske i møte med det «typisk» internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til eikvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag. Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt?

Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.

Kunstnere som viser verk under årets Vestlandsutstilling er Ananda Serné, Catalina Aguilera, Eli Maria Lundgaard, Hans-Marius Pilskog Giske, Inga S. Søreide, Jan Kåre Ruud, Matias Kiil, Marit Silsand, Sofia Heinonen, Sofia Eliasson, Steinar Haga Kristensen, Thor Tao Hansen, Tore Winsents, Urd J. Pedersen og Vilde Salhus Røed.

20 juni, 2020 —

26 juli, 2020

Loading...

Tilbake til toppen